Av Svein Halvor Moe
Det gjer at Jespersen får nye moglegheiter i World Cup-sirkuset. Først i Davos og sannsynlegvis på nyåret når verdscupen flytter seg til andre destinasjonar og land. Mørkluggen var ikkje spesielt nøgd med fredagens renn. Han syntest det gjekk tungt i dei krevjande løypene i mjøsbyen.
— Eg er langt meir nøgd med plasseringa enn prestasjonen. Eg hadde inga god kjensle. Det stemde langt betre for meg i Kuusamo. Jaktstarten der var årsbeste for mitt vedkommande. Venteleg får eg til fleire slike løp i vinter, sa Jespersen til Grannar.
I praktfullt vintervêr var han med i tetbiletet frå start til mål. Jespersen meiner det var løyper som gav store tidsmessige utslag. Dei skilte bokstavleg tald klinten frå kveiten i dei tidlegare OL-løypene.
Har meir inne
— Du må vera i form og ikkje minst skikkeleg på hogget for å gå fort i løyper som dette. Eg mangla det giret som eg har når eg er i toppform. Det indikerer venteleg at eg kan vera i stand til å henta ut meir ut over vinteren, sa Jespersen som forsvarte posisjonen sin på samanlagdlista i World Cup.
Han prøver å bruka minst mogeleg energiske på dei olympiske vinterleikane i Russland. Sjølv om Korlevoll-løparen er i posisjon til å kjempa om meisterskapsdeltaking.
— Fokuset mitt er å prestera best mogeleg i dei løpa eg går. Så får me sjå kva det held til. Eg har lovd dei som har ansvaret for Team Isklar at eg skal gå ein del langløp. Den lovnaden har eg ikkje tenkt å forlata, sa Jespersen som har gylden grunn til å konkurrera på andre arenaer så lenge han representerer Noreg.
Nær pallen
Laget sin «manager» uttalte etter opningsrenna på Beitostølen, at dei ville vera ein samarbeidspartnar i staden for ein konkurrent til skiforbundetsatsingen.
Kva er du mest nøgd med i samband med det individuelle rennet?
— Det er utan tvil at eg er så nær pallplassering på ein dag der det stemmer langt dårlegare enn då eg var med i tetbiletet i Kuusamo. Det var synd at det ikkje var enkeltstart i Nord-Finland. I så fall kunne eg ha fått mykje betre betalt for prestasjonane mine i ei slik setting, sa Jespersen som klinte til med ein bra stafettetappe.
Han var aktiv i front på andrelaget som hamla opp med Noreg sitt førstelag i snøvêret. Det førte til at det var vanskeleg å liggja i front.