På reisefot. Chris Jespersen sette andre juledag kursen for Mellom-Europa og Tour de Ski. Dei neste dagane skal skånevikbuen konkurrere om store pengepremier. Foto: Svein Halvor Moe
På reisefot. Chris Jespersen sette andre juledag kursen for Mellom-Europa og Tour de Ski. Dei neste dagane skal skånevikbuen konkurrere om store pengepremier. Foto: Svein Halvor Moe

Gler seg til tøffe tak

Laurdag går startskotet for sju tøffe konkurransar.

Av Svein Halvor Moe

Sundag kom Chris Jespersen (30) heim frå eit langt høgdeopphald i Mellom-Europa. Tre og eit halvt døgn seinare tok han på nytt avskjed med familien i Trondheim og vendte blikket utanlands.

Denne gongen var det Tour de Ski som fekk skåneviksbuen til å gjere klar utstyret for eit nytt utanlandsopphald. Jespersen la ikkje skjul på at han gjerne skulle ha vore lengre heime. Samtidig såg han ikkje mørkt på å reise så lenge det var snakk om Tour de Ski og eit av vinterens høgdepunkt.

Angra

Han fekk tilbod om å gå den svært så prestisjefylte touren for eitt år sidan. Den gong takka han nei og angra seg i lang tid etterpå. Korlevoll-løparen var nemleg i sitt livs form då verdas beste langrennsløparar kniva om gode plasseringar og store pengepremier i Tyskland, Sveits og Italia. Det gjekk så lett som berre det under treningsøktene.

Det blei pinnekjøtt og mykje god mat både på julaftan og første juledag

— Eg låg bra an med tanke på å komme til VM då landslagsleiinga fortalte at dei hadde funne plass for meg i Tour de Ski-troppen. Eg konkluderte med at det ville vere mest fornuftig for meg å prioritere trening heime i Norge, framfor å gå åtte tøffe renn i Mellom-Europa. Det var som sagt eit val eg angra på i ettertid, sa Jespersen til Grannar på torsdag.

På Trondheim Lufthavn Værnes blei han møtt av nyheita om at distanserennet i Oberhof blir erstatta av ein sprint. Det er dei dårlege snøforholda i Tyskland som fekk FIS til å gå til det skritt å endre rennprogrammet. Distanseløparane likte ikkje det spesielt bra.

Kort julefeiring

— Eg brukar energien på det eg kan få gjort noko med. Det er å gå fortast mulig på ski, var Jespersen-kommentaren til at konkurranseprogrammet er endra. Han er éin av fire «trøndarar» som skal i aksjon i touren. Petter Northug som Jespersen har trena ein god del saman med dei siste åra, har dei siste vekene hatt base i Italia. Niklas Dyrhaug og Didrik Tønset troppa begge opp på flyplassen og slutta seg til Jespersen og resten av reisefølgjet. Det lokale langrennsesset kunne fortelje at det blei ei kort, men fin julefeiring for hans vedkommande. Både foreldra og svigerforeldra var saman med familien på julaftan.

— Det blei pinnekjøtt og mykje god mat både på julaftan og første juledag. Eg er litt for glad i mat og merkar at eg må vere påpasseleg med kva eg puttar i meg. I motsett fall så kan det fort komme nokre overflødige kilo sjølv om eg trenar mykje, sa Jespersen som har imponert i World Cup-sirkuset i vinter.

Han og Martin Johnsrud Sundby har så langt vore dei beste norske løparane på herresida. Den tidlegere juniorverdsmeisteren håper det skal vere mulig å følgje opp i touren. Målet er å vere med i tetbildet når det drar seg til på etappe nummer fire. Jespersen føler det skal vere mulig, dersom han held seg frisk og får tatt ut potensialet. Han har fått trena bra i etterkant av 30-kilometeren i Davos.

Hovudfokus

Andreplassen i Sveits blei på sett og vis hans store gjennombrot i internasjonal herrelangrenn. Jespersen trur det skal vere mulig å kjempe om fleire pallplasseringar i touren.

Han rekenar med at det 35-kilometer lange fristilrennet i Toblach kjem til å bli avgjerande. Der er det mulig å gå inn mykje for dei som ligg bak teten. På same måte som dei beste vil ha ein gylden sjanse til å auke forspranget.

Jespersen kan komme til å hoppe av undervegs dersom kroppen ikkje fungerer optimalt. Han vil ikkje til å ta sjansar ettersom det er OL om halvanna månad. Det kan bli ein dryg pris å betale dersom kroppen blir kjørt i senk og han pådrar seg eventuell sjukdom.

— Eg reiser til Tyskland, Sveits og Italia for å kjempe om gode plasseringar. Det vil vere mitt hovudfokus. Dei neste dagane vil vise om eg klarer det. Eg kan i alle fall ikkje skulde på oppladinga dersom det går galt. Den har nemleg vore optimal, sa Chris Jespersen før han tok farvel med samboar Liv Miriam og sjekka inn.

Dei neste dagane kjem han til å dukka opp jamleg på tv-skjermen. Tour de Ski startar laurdag med sprint. Sundag er det 15 km jaktstart.