Ny rammeavtale til Omega

Omega skal levera konsulenttenester innan ulike felt til Wintershall si verksemd i Norge. Rammeavtalen er på tre år, med opsjon på eitt år.

— Wintershall er ein kunde Omega har ynskt å få innpass hos ei stund, og me ser fram til å vera med dei framover, seier avdelingsleiar for konsulenttenester i Omega, Kristin Jæger i ei pressemelding.

Wintershall er Tysklands største produsent av råolje og naturgass og har verksemder over heile verda. Wintershall Norge har planar om store investeringar i leiting og feltutbygging på den norske og britiske sokkel innan 2015.

Omega har tidlegare i år inngått avtale om sal av fleire av sine prosjektstyringssystem til Wintershall.

I 2012 passerte Omega AS 1,2 milliardar kroner i omsetning. Selskapet har 1100 medarbeidarar på oppdrag i meir enn 15 land, og er stadig på jakt etter fleire.

— Med fleire store prosjekt og høgt aktivitetsnivå framover er me i posisjon til å styrka selskapet ytterligare. Me er i marknaden for å rekruttera fleire dyktige konsulentar, seier Jæger.

Selskapet som har levert programvare og personell til olje-og energiindustrien i 25 år har sitt hovudkontor i Ølensvåg. Dei har fem avdelingskontor her i landet og sju avdelingar internasjonalt.