Eliminering av flaskehalsen mellom Ølen og Etne står på agendaen når framtidig E134 skal planleggast. Arkivfoto
Eliminering av flaskehalsen mellom Ølen og Etne står på agendaen når framtidig E134 skal planleggast. Arkivfoto

Oppstart for E134-plan

Kommunedelplan for strekkja Bakka – Solheim.

Statens vegvesen er klar til å starta arbeidet med kommunedelplanen for ny E134 mellom Bakka og Solheim. Samstundes legg etaten ut forslag til planprogram til offentleg ettersyn.

Planområdet er mellom Bakka (Stordalen) i Etne kommune og Solheim i Vindafjord kommune. Kommunedelplanen er ein overordna plan for arealbruken på strekninga.

— Føremålet er å bestemma kor E134 skal gå i framtida. Planen skal også seia noko om kvar me skal plassera kryss langs vegen, og kva standard vegen skal ha, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

I tillegg skal vegvesenet gjera ei konsekvensutgreiing. Den skal gjera greie for kva følgjer ei vegutbygging vil ha for miljø, naturressursar og samfunn.

Framtidige trasear

Planprogrammet fortel om målet med planarbeidet, planprosessen,

opplegg for medverknad og kva trasear for ny E134 som er føreslått å utgreia. I forslaget er det lagt opp til store endringar i forhold til dagens trase.

Planprogrammet er på høyring i tidsrommet 10. desember til 5. februar 2014. Etter høyringa skal det behandlast politisk i dei to kommunane. Deretter skal Statens vegvesen laga forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing. Planen er å dette ha klart i andre kvartal 2015.

Tidlegare i haust laga vegvesenet sine planleggarar ein bakgrunnsrapport, «E134 Bakka – Solheim. Silingsrapport» frå november 2013, der dei grovt skisserer moglege trasear.

Informasjonsmøte

I samband med oppstart av planarbeidet og høyringa av planprogrammet inviterer Statens vegvesen saman med kommunane til informasjonsmøte over nyttår; i Etne tysdag 14. januar og i Ølen 20. januar.

Les meir om saka i torsdagens utgåve av Grannar.