For åttande gong kårar lokalavisa årets namn i kommunane Etne og Vindafjord. I fjor var det Kenneth Birkenes (32), etnebu busett i Elverum, som fekk prisen. Han blei nasjonal kjent som deltakar i NRK-programmet «Ingen Grenser». Der fortalte han om sin tøffe personlege kamp mot kreftsjukdomen, og seinare har han vore eit forbilde og ei motivasjonskjelde for svært mange.
I første omgang ber me lesarane om å koma med forslag til kandidatar, og deretter vil ein jury i redaksjonen plukka ut namn som du får høve til å stemma på. Det er med andre ord lesarane som til slutt skal avgjera kven som blir Årets namn 2013.
Lokale namn
Årets namn er ei kåring som Grannar gjer for å trekkja fram personar – lokalt busette eller utflytta frå dei to kommunane. Dette kan til dømes vera ein heider for ein unik innsats for bygda eller lokalmiljøet. Også kandidatar som privat eller gjennom eit lag eller organisasjon, har vist brennande engasjement for enkeltsaker er aktuelle for å bli nominerte.
Lokalavisa ynskjer også forslag på personar innan kategorien kvardagsheltar; folk som gjer ein spesiell innsats for andre, enten dei bur i nærmiljøet eller andre stader.
Ein annan kategori er gode ambassadørar for heimstaden eller heimkommunen. Dette kan til dømes vera personar som innan sport, kultur eller andre område har markert seg positivt i året som snart er omme.
Personar som har vore nominerte dei siste åra, er uaktuelle.
Seks kandidatar
Her er tidlegare vinnarar:
* 2006: Åse Handeland, Ølen
* 2007: Inger Karin Larsen Nerheim, Skånevik
* 2008: Elise Petra Bjerg Tokheim, Sandeid
* 2009: Jon Olav Velde, Vats
* 2010: Kari Johansson, Skånevik
* 2011: Gro Marit Messmer Larsen, Skjold
* 2012: Kenneth Birkenes, Elverum/Etne
Redaksjonen ynskjer forslag på Årets namn 2013 innan 22. desember. Ut frå forslaga nominerer juryen seks kandidatar som lesarane kan stemma på. I utveljinga vil juryen også ta omsyn til alder, kjønn og geografi. Voteringa vil skje tidleg på nyåret.
Send forslag med ei god grunngjeving på epost til redaksjon@grannar.no, SMS til tlf. 97570789 eller ring oss på tlf. 5377 1100.