Bandet Kvelertak med Erlend Hjelvik frå Vikedal og Bjarte Lund Rolland frå Etne, blei laurdag kveld heidra med pris under Spellemann 2013.
Bandet som oppstod i Stavanger i 2007, vann klassen «Metal» for sitt album «Meir», i konkurranse med Obliteration, Satyricon og Shining. Dette er Kvelertak sin tredje Spellemannspris.
Bandet var også blant artistane som inntok scenen i Stavanger konserthus under det store arrangementet som heidra det norske musikkmiljøet.
Frontfigur Hjelvik tok imot prisen og hadde for høvet kledd seg opp i bunad.
— Dette er stort. Eg jo fan av alle dei andre nominerte, sa vikedalsbuen frå scenen.