Får ikkje gå sundag. Chris Jespersen må venta til seinare med å få sin  OL-debut.  Arkivfoto
Får ikkje gå sundag. Chris Jespersen må venta til seinare med å få sin OL-debut. Arkivfoto

Jubeldag for Jespersen

Chris Jespersen tok «dobbelt» sølv i Val Di Fiemme i dag.

Det er utan tvil den største prestasjonen løparen frå Skånevik har hatt så langt i karrieren, og eit gjennombrot for Jespersen internasjonalt.

Sølv i jaktstart friteknikk i den 9 kilometer lange monsterbakken i Italia i dag, sikra også Jespersen andreplassen totalt etter sju etappar i Tour de Ski.

Vinnaren Martin Johnsrud Sundby var det lite å gjere med, men Jespersen henta fort inn Petter Northug som gjekk ut som nummer to med eit lite minutt forsprang på Jespersen.

— Det var utruleg gøy å gå og eg hadde spreke ski. Når ein nærmar seg toppen kjem det nye krefter. Eg har jobba hardt i heile år for dette, sa Jespersen til NRK TV rett etter målpassering.

Her er topp fem i den 9 kilometer bakkeløpet fristil jaktstart i dag.

1. Martin Johnsrud Sundby, Noreg 32.49,6

2. Chris Jespersen, Noreg + 36,0

3. Johannes Düerr, Austerriket + 1.05,9

4. Petter Northug, Noreg + 1.49,5

5. Sjur Røthe, Noreg  +1.55,7