Utbjoa ferjekai i Vindafjord kommune blir stengt for trafikk med bilferje i to døgn, frå 27. til 29. januar.
— Kaia blir stengt fordi me skal setja opp ny ferjekaibru, fortel kontrollingeniør Håkon Odland i Statens vegvesen.
Siste anløp med ferja før stenging er 27. januar klokka 10:50, medan første anløp etter er 29. januar klokka 06:35.
Stenginga påverkar ikkje persontrafikken med snøggbåt.