Over halvparten av storfeprodusentane syndar mot rapportertinga til husdyrregisteret. fleire storfeprodusentar enn i dag må rapportera inn til Husdyrregistret innan fristen. Dette går på tilliten laus, meiner Mattilsynet,
— Husdyrregisteret er eit slags folkeregister for storfe. Dersom dette ikkje er oppdatert, har me svært dårlege sjansar til å spora kor smitten kjem frå ved utbrot av smittsam dyresjukdom eller smitte gjennom mat for menneske, seier Marianne Engelsgjerd som leiar Mattilsynet sitt nasjonale sporbarheitsprosjekt.
Tilsynskampanje
Nå går den statlege etaten ut med ein landsomfattande tilsynskampanje for å få storfebøndene til å skjerpa seg. Dei som ikkje melder inn opplysningar til husdyrregisteret innan fristen, risikerer å få uanmeldt besøk av Mattilsynet før dei slepp dyra ut på beite i år. Tilsynsprosjektet går frå 1. februar til midt i april i år, og omfattar 900 tilsyn på landsbasis, eller ca. fem prosent av alle storfehald.
Tala viser at ca 60 prosent av storfebøndene i Noreg ikkje rapporterer til husdyrregisteret innafor gjeldande fristar. Dette meiner Engelsgjerd er svært alvorleg.
— Dette registeret er til for å beskytta dyr og menneske mot smitte og alvorleg sjukdom. Klarer me ikkje å spora smitte, klarer me heller ikkje å stansa spreiing av sjukdom, seier ho.
Sanksjonar
I tilsynsområdet for Mattilsynet for Haugalandet er situasjonen lik med landet elles, med for mange avvik på rapportering i Husdyrregisteret innan sju dagar.
— Det skal her utførast 40 tilsyn i storfehold. Tilsynet vil bli føretatt i besetningar som er dårlegast til å rapportera inn til Husdyrregisteret, opplyser distriktssjef May Vestbø.
Mattilsynet for Haugalandet har i alle år hatt fokus på merking, registrering og rapportering av storfe ved tilsyn med storfebesetningar. Ved avdekking av mangelfull rapportering, blir det gitt pålegg om å etterleva krava i regelverket innan ein tidsfrist. Dei same sanksjonane vil bli brukte i dette tilsynsprosjektet.
— Generelt sett ser me at oppfølginga av regelverket stadig blir betre, men at det går for seint, seier Vestbø.
EU- og EØS-krav
Alle som driv med storfe er pliktig til å melda frå til husdyrregisteret når dei kjøper eller sel dyr, når dyr blir født eller døyr, og når dyr blir sendt til slakting. Denne rapporteringa som gjeld i alle EU- og EØS-land, skal skje innan sju dagar.
Utbrota av munn- og klauvsjuke og kugalskap i Storbritannia for nokre år sidan viste korleis smitte blei spreidd over store område gjennom flytting av levande dyr. Her i landet har Blåtunge-utbrotet på Sørlandet vinteren 2009 og fleire tilfelle av salmonellose i storfehald dei siste åra vist behovet for eit godt oppdatert «folkeregister for storfe».
— Me sender flyttemeldingar og salsmeldingar til folkeregisteret for menneske og kjøretøyregisteret for biler, om ikkje blir registra verdilause. Å kjøpa ei ku utan nødvendige papir med opplysningar om dyret, blir som å kjøpa ein bil utan vognkort, seier Engelsgjerd.
Tillit
Norske forbrukarar har hatt god tillit til norsk landbruk, og forventar trygg mat, korrekt merking og god dyrehelse. «Hestekjøttskandalen» i Europa i fjor er eitt fersk døme på ei hending som kan setja tilliten til landbruket på prøve. Saka viste kor viktig det er å kunne spora kor kjøttet kjem frå.
— Eit godt husdyrregister bidrar til å oppretthalda tilliten. Dersom bøndene ikkje rapporterer inn som dei skal, får me heller ikkje noko godt husdyrregister, seier Engelsgjerd.
Ho viser til at mange dyktige bøndene har alt på stell og rapporterer som dei skal, og at det er fullt mogeleg å få dette til.
— Me håper difor at tilsynskampanjen vår vil føra til at fleire storfebønder enn i dag rapporterer inn til Husdyrregistret innan fristen.