Eit nytt omsorgssenter i Etne vil truleg få eit kjøkken som skal ta seg av matproduksjon både for Etne og Skånevik, der produksjon av kok/kjøl mat vil bli utvida.
I dag vert det produsert mat både ved Etne og Skånevik omsorgssenter. No føreligg det ei tilråding frå rådmannen i Etne kommune om eit felles kjøkken som skal dekkja kjøkkendrifta for heile kommunen.
I tilrådinga heiter det at eit produksjonskjøkken blir lagt inn i prosjektet nytt omsorgssenter i Etne og at kjøkkenet i Skånevik blir lagt om til mottakskjøkken. Vidare ynskjer rådmannen å utvida produksjonen av kok/kjøl. Saka kjem opp i formannskapet i neste veke.
Kok/kjøl mat
I dag vert det servert mat produsert etter kok/server prinsippet til bebuarar på institusjon og dei som bur heime på kvardagane. Såkalla kok/kjøl mat blir brukt i helger og på heilagdagar.
— Me ser for oss at større del av produksjonen kan bli lagt til kok/kjøl, seier pleie og omsorgsleiar Kitty Soltvedt Øyjord og håpar slik matproduksjon vil føra til at tilboda for brukarane då kan bli lik i kommunen.
I dag har eldre som bur heime ulikt tilbod om utlevering av middagsmat. I Etne kan dei eldre få varm mat heim fem dagar i veka. I Skånevik gjeld tilbodet kvar dag.
— Ved å tilby kok/kjøl mat vil tilbodet bli likt innan kommunen. Dei eldre vil få levert mat for fleire dagar i strekk og dei som klarar det kan sjølv varma maten når det passar for dei. Andre som treng naudsynt dagleg hjelp for å leggja til rette for måltidet vil få slik teneste, seier Øyjord.
God mat
Omsorgsleiaren opplever at den såkalla kok/kjøl maten er godt mottatt blant brukarane.
— Me har ikkje fått noko klage på maten. Det er mykje positivt å høyra om maten vår, og me har heller ingen problem med avmagring blant dei eldre som bur på våre institusjonar, fortel ho.
I motsetning til at den varme maten blir servert rett etter tilberedning, blir kok/kjøl maten behandla på ein spesiell måte. Produktet blir varmebehandla med bruk av tid og temperatur tilpassa råvarene. Så skal produktet kjølast raskt ned før emballering og vidare kjølelagring. Maten er haldbar inntil sju dagar.
Sparetiltak
Eit felles kjøkken vil ikkje ha innverknad på sjølve drifta av kjøkkenet.
— Me treng dei me har i dag av tilsette, seier Øyjord og meiner ei eventuell innsparing vil koma som følgje av at utkøyring av mat kan reduserast til færre dagar i veka.
— Endra praksis her vil kunne bidra til at pleiepersonell kan disponera arbeidstida si på nye måtar. Færre dagar krev mindre bruk av fagkompetanse til slikt arbeid, seier ho.
Tal frå 2012 viser at kommunen må ut med over 350.000 kroner for matombering til dei eldre. Tenesta er ikkje lovpålagt og kommunen subsidierer dermed mottakarane for tenesta. Gjennom å redusera talet på utkøyringsdagar håpar kommunen å få meir ut av dei kommunale midlane.
Stort areal
Eit kjøkken som er lagt til rette for produksjon av kok/kjøl mat er plasskrevjande og vil gjera belag på rundt 200 kvadratmeter. Verken i Etne eller Skånevik er det mogeleg å utvida produksjonen utan store utbetringar. Skal eit slikt felles kjøkken leggjast til Skånevik er kostnader i forbindelse med ombygging estimert til 2,3 millionar. Rådmannen ser det difor som mest tenleg å leggja eit felles moderne produksjonskjøkken inn i byggjeplanane for eit nytt omsorgssenter i Etne.