Sandeid mista mobildekninga juleaftan, og først éi veke seinare var summetonen attende. Arkivfoto: Anne Karine Stautland
Sandeid mista mobildekninga juleaftan, og først éi veke seinare var summetonen attende. Arkivfoto: Anne Karine Stautland

To veker utan mobildekning

Sterke reaksjonar i Sandeid og Vikedal.

Av Arnhild Aaen

I nærare 14 dagar har delar av Vikedal- og Sandeid-området vore utan mobildekning. Telenor får hard kritikk for sein reaksjon, og har mista kundar i distriktet på grunn av svikten i jule- og nyårshelga.

Randi Sletten på Eikeland i Vikedalsdalen fortel at dei var utan mobildekning i nærare 14 dagar.

— Telefonvanskane oppstod julaftan og ikkje før nå på fredag vart dette ordna. Då følgde vi med, for reparatørane frå Telenor parkerte bilane sine her og tok helikopter opp til Lysenuten. Då gjekk det ikkje lenge før telefonen var i orden igjen, seier ho.

Folk vart rett og slett forbanna på Telenor

Ho fortel vidare at dei som mange andre har sagt opp fasttelefonen og har nå berre mobilen å stole på. Dette gjer ei slik hending endå meir alvorleg.

I ettertid har Telenor ringt to gonger for å høyre om alt er i orden, noko som tyder på at dei har forstått problemet, håpar ho.

Uansvarleg

Også i Sandeid var innbyggjarane utan dekning på Telenor sitt nett. Her varte vanskane frå julaftan til nyårsaftan.

Bente Ramsfjell fortel at ho kjenner til at området frå Strand opp til kyrkja var heilt utan dekning i denne tida. Ho meiner det er uansvarleg av Telenor når dei seier at dei ikkje hadde folk å sende for å ordne problemet. Ho veit at for å kome i kontakt med naudnummer 113 måtte ein reise mot Ølen, og at dei kom heilt til Sandeid Fengsel før kontakten vart oppretta.

— Folk vart rett og slett forbanna på Telenor, og dei mista sikkert abonnentar her i området, når ein veit at andre operatørar som Netcom og Chess virka, seier ho.

Dårleg informasjon

Lensmann Ingvar Gjærde som bur i Sandeid, ser svært alvorleg på televanskane som varte i så lang tid. Han reagerer også på arroganse då problemet vart meldt, og at abonnentar fekk beskjed om at dei skulle bli ringde opp igjen.

— At noko av forklaringa var at dei måtte ha helikopter for å ordne problemet, held ikkje. Det som berga oss var hustelefonen, men slik det er i dag er det færre og færre som har fasttelefon. I dag er jo alt bygd opp rundt mobilnettet, og når dekningsområdet er ute av drift verkar ikkje naudnummera heller og det blir eit kjempealvorleg problem, seier lensmannen.

Tok for lang tid

Informasjonssjef i Telenor Norge, Per Aril Meling innrømmer at det tok for lang tid å ordne opp i problema i mobilnettet i jule- og nyårshelga, men skuldar på at alt tek lengre tid i romjulstida.

— Det hadde blåst stikkar og strå der oppe, noko som hadde øydelagt radiolinjestasjonen på Lysenuten. Vi hadde rydda vegestasjon, kratt og skog tidlegare, og det var noko av denne som hadde gjort skade. Delar av utstyret på sjølve stasjonen måtte skiftast, og det var difor dette tok så lang tid, opplyser han.