Både i Rogaland og Hordaland stig talet på arbeidsledige, viser ferske tal frå NAV. Den negative utviklinga rammar også kommunane lokalt, og spesielt Vindafjord. Her er det ved utgangen av februar registert 180 ledige, som er 16 fleire enn for éin månad sidan og 111 fleire enn for eitt år sidan.
Vindafjord har dermed ei arbeidsløyse på 3,9 prosent som er høgast i fylket, og som også ligg over landet (2,9 prosent).
Arbeidsløysetalet i Etne kommune stig meir moderat. Her er det ved utgangen av februar 37 ledige, som utgjer 1,7 prosent. Det er fire fleire enn i januar og seks prosent høgare enn for eitt år sidan.
Rogaland
I alt er 5.484 personar (2,2 prosent) er heilt utan arbeid i Rogaland i februar. Det er 1.132 personar fleire enn på same tid i fjor.
— Arbeidsløysa aukar, men held seg relativt låg, og det er jobbar å søkja på. Men for personar med dårlege norskkunnskapar og låg utdanning innsnevrar moglegheitene i arbeidsmarknaden seg, seier avdelingsdirektør i NAV Rogaland, Egil Tengs.
Samstundes går talet utlyste stillingar i fylket ned og er nå på 2.096, som er åtte prosent lågare enn for eitt år sidan. Det er lyst ut 661 stillingar innan helse, pleie og omsorg og 120 stillingar innan kontorarbeid, ein auke på høvesvis 18 og 29 prosent samanlikna med i fjor. I februar vart det utlyst 178 stillingar i bygg- og anleggsbransjen og 125 stillingar i industrinæringa, ein nedgang på høvesvis 6 og 41 prosent.
Hordaland
Same trend har Hordaland. I februar blei det lyst ut 2.301 stillingar. Det er ein reduksjon på 690 stillingar og 23,1 prosent nedgang. Arbeidsløysa i Hordaland var på 2,3 prosent av arbeidsstyrken. 6.169 hordalendingar var heilt utan arbeid, ein auke på 10 prosent samanlikna med februar i fjor.
— Me ser at takten på auka i arbeidsløysa er avtakande, auka var 17 prosent i januar og 10 prosent i februar. Det er eit signal om at utviklinga kan vera i ferd med å stabilisera seg, seier Tommy Johansen, assisterande fylkesdirektør i NAV Hordaland.
Han er likevel bekymra over den kraftige nedgangen i utlyste stillingar, og trur at dette kan vera eit signal om auka arbeidsløyse på sikt.
I Sunnhordland er utviklinga betre. Her var 597 personer heilt arbeidslause i februar. Det utgjer 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med februar 2013 utgjer dette ein nedgang på 29, og nedgangen den siste månaden er på 21 personar.