På landslaget. Håvard Nordtveit, her under opninga av Hatteland stadion heime i Vats i fjor sommar. Arkivfoto
På landslaget. Håvard Nordtveit, her under opninga av Hatteland stadion heime i Vats i fjor sommar. Arkivfoto

Blant Høgmo sine utvalte

Nordtveit i troppen

Tysdag offentleggjorde landslagssjef Per-Mathias Høgmo fotballtroppen til privatlandskampen mot Tsjekkia 5. mars. I den 22 mann store troppen er heile 17 spelarar som til dagleg gjer sine tenester i utanlandske klubbar. Blant desse er vatsbuen Håvard Nordtveit frå tyske Borussia Mönchengladbach

Landslagssjefen framheva den positive utviklinga blant norske utanlandsproffar under sin pressekonferanse, melder Norges Fotballforbund.

Neste store mål for herrelandslaget i fotball er EM i 2016. Noreg har ikkje kvalifisert seg til eit fotballsluttspel sidan EM i 2000. Med andre ord har våre beste feila i sju kvalifiseringar på rad.

Sundag blir det klart kva motstandarar Noreg skal bryna seg på for å nå målet. Landslagssjefen har eitt ønske.

— Det hadde vore moro å møta England og Roy Hodgson. Spesielt ein bortekamp på Wembley heng høgt. Kampar mot England har ein spesiell status, som heilt sikkert vil skapa mykje entusiasme, seier landslagssjefen ifølgje TV2.

Etter mange svake kampar er Noreg berre rangert på nivå tre føre den komande trekninga. Det betyr at laget risikerer svært tøff motstand. Trøysta er at EM-sluttspelet er utvida med åtte lag til 24, slik at sjansane for å koma med er større.