Chris Jespersen får klapp på skuldra av Eldar Rønning og legg ut på ein tung andre etappe. Heiko Junge, NTB/SCANPIX
Chris Jespersen får klapp på skuldra av Eldar Rønning og legg ut på ein tung andre etappe. Heiko Junge, NTB/SCANPIX

Noreg tok fjerdeplassen

Tung etappe for Jespersen.

I Chris Jespersen si heimbygd var rundt hundre personar samla i idrettshallen for å så «kongen av Skånevik» på storskjerm. Dei opplevde å sjå det norske laget fekk ei elendig opning med dårlege ski på dei to første etappane.

Markus Hellner har full kontroll og Sverige tar sitt andre stafettgull på to dagar. Russland sikrar seg sølvet, medan Frankrike tar bronsen. Northug ruslar inn og tar ein skuffande fjerde plassen- over minuttet bak Sverige.

Eldar Rønning gjorde ingen god førsteetappe. Då svenske Lars Nelsson drog opp tempoet i dei tøffe motbakkane, måtte nordmannen gi tapt. Forspranget auka mot veksling, og då Chris Jespersen fekk klappen på skuldra, hadde det gått 26,8 sekund sidan Sverige veksla.

Sverige, Finland og Frankrike har fått ei luke, og Jespersen er i trøbbel. Han har utlikna farten, men greier ikkje å henga med i gruppa bak leiartrioen.

Etter 6,6 km er Noreg nummer åtte og Jespersen 31 sekundar bak tet.

TV2-kommentatorane er opptatt av skia og stiller spørsmål kvifor konkurrentar som Jespersen har slått før, går fortare. Også Eldar Rønning sette spørsmålsteikn med skia.

Mot slutten av etappen er Jespersen uoffisielt rundt 50 sekundar bak tet.

Ved veksling er Sverige og Finland klart i føringa. Tjekkia er nummer tre, Frankrike nummer fire og deretter Russland og Italia. Noreg er nummer ni 1,02,8 bak tet.

Martin Johnsrud Sundby har ei håplaus oppgåve på tre etappe. Han startar i stort tempo og etter fem km har nordmannen tatt inn 18 sekundar på leiande Sverige. Noreg er nå nummer åtte.

Éin runde før veksling er Johnsrund Sundbø 34,8 km bak Sverige og har halvert forspranget til Sverige.

Hardkøyret har kosta, og nordmannen er sliten mot slutten.

Siste veksling: Russiske Legkov har nesten tatt igjen Sverige og ligg berre vel 14 sekundar bak. Frankrike er på tredje. Norge vekslar på sjette plass nesten eitt minutt bak.

Jespersen får spørsmål av TV2 om skia, og legg ikkje skjul på at gliden var dårleg.

— Det var full stopp. Eg hadde berre lyst til å grava meg ned, sa ein tydeleg skuffa skåneviksbu.

Petter Northug greier ikkje å ta inn på dei tet. Spørsmålet nå er om han kan greia bronse. Ved første av tre rudningar ligg nordmannen rundt eit halv minutt bak tredjeplassen.

Ved siste runding ligg Northug på femte plass, 25 sekundar opp til sølv- og bronseplass. Eit lite håp om at Noreg skal hamna på pallen. Det er vel 3 km igjen.

Ein tydeleg sliten Northug er i ryggen på Italia og fjerde plass ser ut til vera det beste Noreg kan klara.

Dermed er status for Chris Jespersen ein sjette- og fjerdeplass i OL så langt – ein imponerande prestasjon trass stor norsk skuffelse på stafetten. Nå gjenstår femmila, og skåneviksbuen bør absolutt ha sjanse til også å få gå det avsluttande langrennet i Sotsji om éi veke.