Friluftsrådet Vest fortvilar over hærverk i helga.
— Bommen ved starten av turvegen er øydelagt av ein bil i helga, me vil utbetra skaden ein av dei første dagane, seier dagleg leiar Oddvin Øvernes.
Han synest slike ting er svært kjedeleg, og at det påfører friluftsrådet ekstra kostnader og utgifter som kunne vore brukt til noko anna.
Bilturen har truleg starta frå Helgeland, der det ikkje er nokon bom som stenger bilar frå å kjøra oppover fjellet. Den øydelagde bommen står nær parkeringsplassen opp frå Opheim.