Ein tilreisande medlem i den lokale hundeklubben jubla mest. Rocky (3) frå Bømlo imponerte domarane så mykje at den komande faren til tre kvalpar vann prisen for «best in show».
Det var mange som merka seg ein auke i talet på to- og firbeinte i Ølen i helga. Heile 900 hundar var påmelde til den årlige hundeutstillinga til Ølen-Etne-Vindafjord Hundeklubb, og saman med dei reiste eigarar med familie. Pynta og friserte, sørgde deira «handlarar» for at dei viste seg fram frå si beste sida. Målet for dei mange tilreisande frå heile Vestlandet, så vel som frå Spania, var å vinna «best i rase», «best i gruppe» og til slutt «best in show».
Eg er så kry
— Det har vore ei helg med positiv stemning, seier Grete Skeie, leiar i den lokale hundeklubben.
Det tradisjonsrike arrangementet deira er populært blant Vestlandets hundeeigarar.
Viktig for oppdrett
Hjørdis Sævereid (57) frå Skånevik viste fram Amanda. Ein to år gammal puddel og vann fram som «best i rase». Sævereid driv oppdrett av puddel og viser til at utstillingsshowet er ein stad der oppdrettarar kan vise fram det beste dei har.
— Det er ikkje berre rett eksteriør som blir dømd, men helse og gemytt også, opplyser 57-åringen.
Ho viser til at når dommaren sjekkar tannstilling og testiklane til hannhunden, så viser det til kva som bur i hunden. Det at den ikkje bit eller viser aggresjon mot andre hundar og menneske er veldig viktig, og eit trekk som ein gjerne vil føra vidare i avl.
«Best in Show»
Idrettshallen er fullt opp med folk, bur og firbeinte av alle slag. Det er nærast ingen stad å setja foten utan å komma bort i nokon. Midt i alt mylderet står ein liten ball av ein pelsdott og ventar på sin tur til å visa seg fram.
Pomeranien Rocky (3) er ein vordane far for tre kvalpar og har vore med på slike utstillingsshow før. All fokus er på eigar Inga Alvsvåg (57) frå Bømlo. Treåringen lar seg ikkje affisera av bjeffing og prat rundt seg. Nå er han på jobb og fokuset ligg der. Avlsåg er medlem i den lokale hundeklubben og synest at det er ein flott klubb som byr på mykje.
— Det er ikkje langt for oss å komme inn her og trena, smiler bømlingen og seier at dei er mykje i Etne og Ølen med bubilen.
Ho er kjempefornøgd med dagen i det Grannar slår av ein prat med ho.
— Eg er så kry! utropar ho etter å ha gått vidare til å konkurrera om «Best in Show».
Energien er høg og gleda stor. Rocky merkar på eigaren at han har gjort det bra. Det synest godt der han står.
Lidenskap
Blant store og små firbeinte, viser Emma Sofie Paulsen (9) stolt fram mopsen Dixie. Dixie er berre sju månadar og blir vurdert som kvalp under utstillinga. Jenta frå Askøy har gått på utstilling sidan ho var fem år gammal og synest at det kjekt og sosialt å vera med mamma Mona Paulsen (42).
Dei to trenar i lag i skog og mark og er veldig engasjerte i å visa fram hundane sine. Dag Magnus Bakke (11) frå Skjold har ikkje hund. Likevel deltok han i showet «barn med hund». Hunden fekk han låna av Monica Tellnes (29) frå Sotra. Ho synest at det var veldig modig av elleveåringen å gå bort til framande og spørja om å få låna ein hund han ikkje kjenner til.
— Han er jo kjempeflink! seier 29-åringen og nemnar at han kan bli ein framtidig proff handler. Den unge sjoldabuen vann showet, og synest sjølv at det er knall kjekt å gå på utstilling.