Skånevik skule før ski NM då dei drog til Voss for å heia på bygdas helt. Arkivfoto. Elin B. Øvrebø
Skånevik skule før ski NM då dei drog til Voss for å heia på bygdas helt. Arkivfoto. Elin B. Øvrebø

Chris får stor heiagjeng

Elevane i Skånevik samlast til OL-fest.

Chris Jespersen (30) får truleg sin olympiske debut. Fredag føremiddag legg han dermed ut i dei knallharde løypene i Sotsji etter at han i samråd med landslagsleiinga valde å stå over sundagens 30 km med skibytte.

Løparen frå Skånevik har vore vinterens norske sensasjon i herre skirenn. Han blei nummer to i prestisjerennet Tour de Ski, og ligg som nummer to verdcupen. Jespersen var i realiteten klar for å gå det meste under OL i Sotsji, men blei ramma av sjukdom like over nyttår og mista oppkøyringa til vinterleikane i Russland.

—  Eg hadde ikkje samvit til å gå sundagen renns. Ei hardøkt saman med Tord Asle Gjerdalen nokre dagar i før viste at eg hadde litt problem med lungene, samstundes som han var i bra slag, seier Jespersen til NRK.

Han understreker at han nå er heilt frisk og på veg mot forma. 15 km som går i klassisk stil og med individuell start, er Jespersen favorittdistanse. Sjukdommen etter Tour de Ski har ikkje gjort ambisjonane hans mindre.

—  Eg håpar å kunna kjempe om medalje, seier Jespersen til NRK.

Samstundes innrømmer han at han er usikker på kor han står vel éin månad etter sin siste konkurranse, som var opp monterbakken i Val di Fiemme.

— Det kjennest betre og betre ut, men det er vanskeleg å vita kor eg står, seier han.

Laget til 15-kilometeren er ennå ikkje offentleggjort. Martin Johnsrud Sundby er sikker, og i Chris Jespersens sine augne er det altså ingen tvil om at han skal gå. Eldar Rønning og Petter Northug ligg an til å få dei to siste plassane.

House of Blues

Ved Skånevik skule er det så stor interesse rundt Chris Jespersen, at dei vil markera dette med ei samling.

— Me har fått avtale med House of Blues og samlar alle frå fjerde til og med tiande klasse der for å sjå 15 km på storskjerm. Dermed blir me over 70 personar samla for å sjå rennet saman, fortel inspektør Kari Johansson.

Og blir bygdas store skihelt tatt ut til å gå sundagens stafett, er det store sjanse for nok ein folkefest. Då truleg med ei samling føre storskjerm i idrettshallen.