Det er godt kjent at smitte av lakselus kan ta liv av villaksen. Ein ny studie viser at den berykta lusa også fører til lengre opphald i havet før villaksen vandrar attende til elva for å gyta.
Det er Miljødirektoratet som omtalar den omfattande studien som er gjennomført i eit samarbeid mellom forskarar ved Uni Research og Havforskingsinstituttet. Funna er baserte på resultat frå ti år med feltstudie med utsett av nær 380.000 utvandra lakseungar, eller smolt, frå Vosso og Daleelva i Nordhordland.
Resultatet frå undersøkingane i Vosso som i hovudsak er finansiert av Miljødirektoratet, er nylig publisert i det anerkjente internasjonale tidsskriftet Biology Letters.
At lakselus kan føra til ein betydelig auke i dødsfall på utvandra smolt samsvarer med tidlegare funn både i utlandet og i Noreg. Denne nye studien viser at lakselusa i tillegg kan påverke alderssamansetninga av gytebestanden.
— Studien viser ei form for påverknad på villaksen me ikkje var klar over. Undersøkinga har i tillegg gitt kunnskap som kan bli nyttig når ein skal identifisera tiltak for å avgrensa og avbøta lakselusproblemet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.