I samband med rutinekontroll etter gjennomført avlusing på lokaliteten Ihlholmen utafor Bjoa tilhøyrande Rogaland Fjordbruk, vart det tysdag konstatert ei flengje i nota på den eine merden. Eit slikt avvik kunne vera ein indikasjon på at det var fisk som hadde stukke av, og naudsynte prosedyrar kring mistanke om rømming vart straks sett i verk, opplyser samfunnskontakt Ove Gjerde i Rogaland Fjordbruk som eig anlegget.
Han opplyser at flengja i nota vart reparert med det same, og at gjenfangst i området er sett i verk. Lokale fiskarar er engasjerte i dette arbeidet etter løyve frå fylkesmennene i Rogaland og Hordaland, samt Fiskeridirektoratet.
Avviket i anlegget som ligg i Sunnhordlandsbassenget, vart omgåande meldt til Fiskeridirektoratet. Utanom dette er Fylkesmennene sine Fiskeforvaltarar i både Rogaland og Hordaland varsla. Det same er mellom anna Etne elveeigarlag og andre oppdrettarar i nærleiken.
— Det er så langt ikkje mogeleg å gje noko tal på rømt fisk. Dette må me avklara i tida framover. Det var 103.000 fisk med ei snittvekt på 2,2 kilo i merden, seier Gjerde.
Rogaland Fjordbruk beklagar hendinga på det sterkaste. Alt utstyr på lokaliteten er sertifisert og i forskriftsmessig stand. Representantar frå Fiskeridirektoratet, Region Sør vil snarast mogeleg gjennomføra oppfølgingskontroll på lokaliteten.
Det er førebels ikkje funne årsak til hendinga. Rogaland Fjordbruk seier dei vil gjera sitt beste for å finna årsaka og trekkja lærdom av det som har skjedd.