Med ei årsomsetning på 1.025 millionar kroner i 2013 (795 i 2012), fekk SKL-konsernet eit resultat etter skatt på 185,4 millionar. Resultatet er 105,1 millionar betre enn året før.
Driftsresultatet blei på 412,7 millionar mot 279,1 millionar året før. Av dette kjem 340,7 millionar frå kraftproduksjon. På botnlinja er resultatet 185 millionar, som over hundre millionar betre enn året før.
Om ikkje resultatet er historisk godt, er det god grunn for eigarane å smila. For medan utbyttet etter 2012 var på «stusslege» 60 millionar, føreslår styret at eigarane etter fjoråret skal få utbetalt over det doble, eller nærare bestemt 139 millionar.
Storaksjonær Haugaland Kraft ligg dermed an til å få 56,28 millionar inn på konto, medan Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) som eig ein mindre post, vil få 3,57 millionar.
Det er generalforsamlinga som blir avvikla 7. april, som avgjer dette.
Eikemo
— Bak resultatauken er høgare kraftpris enn i 2012, eit godt år for nettverksemda, samt gevinst ved sal av IKT-avdeling. I tillegg var 2012 tala prega av ekstraordnære avskrivingar, skriv styret om fjorårstala.
Kraftproduksjonen i SKL sine anlegg var i 2013 på 1.760 GWh, som er 3,8 prosent over midlare produksjon. I 2012 var produksjonen 1.786 GWh.
18. mai var det gjennomslag i Eikemooverføringa i Etne kommune, som gjennomsnittleg aukar årleg kraftproduksjon i Blådalsvassdraget med 62 GWh. Produksjonen i heil- og deleigde småkraftselskap i konsernet var 20,6 GWh i 2013. Gjennomsnittleg pris for området på kraftbørsen Nordpool var 29,0 øre per kWh, mot 21,8 øre per kWh året før.
Nett
SKL har eit omfattande sentral- og regionalnett i Sunnhordland og på Haugalandet, samt distribusjonsnettet i Stord kommune. Dette er det nest største forretningsområdet i konsernet. Dei ulike nettnivåa har god leveringstryggleik.
Dei nye forretningsområda breiband, naturgass og småkraft er i positiv utvikling, og dei er møtt med stor interesse i marknaden. Breiband har fin vekst, gode resultat og har ved utgangen av fjoråret 4.000 kundar. Det er bygd ut 25 km røyrleidning for distribusjon av naturgass. På Heiane på Stord har SKL, i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, etablert hurtigladestasjon for elbilar. Konsernet si IKT-satsing vart overdratt til Sysco AS i 2013. SKL deltek vidare som aksjonær i selskapet.
Soliditet
Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 42,1 prosent av bokførte historiske verdiar gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte.