Feil frå el-installatør er vanlegaste årsak til at det brenn i landbruket.
Illustrasjonsfoto
Feil frå el-installatør er vanlegaste årsak til at det brenn i landbruket. Illustrasjonsfoto

El-feil i landbruket bekymrar

Bransjen får kritikk.

Landbrukets brannvernkomité konkluderer med at feil frå el-bransjen er hyppigaste årsaka til brann i landbruket.

Årleg går verdiar for fleire hundre millionar tapt ved brannar i landbruket. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap oppgir «elektrisk årsak» som den vanlegaste grunnen når husdyrbygg går opp i røyk. Dette ynskte Landbrukets brannvernkomité (LBK) å vita meir og, og har fått gjennomført ei grundig undersøking for å finna ut kva som skjuler seg bak tala.

Dagens el-kontroll i landbruket avdekker for få alvorlege brannfarlege avvik

I prosjektet blei el-kontroll med uavhengige sertifiserte kontrollørar gjennomført på 35 bruk med husdyr, for det meste svineproduksjon. Totalt blei det avdekka 760 avvik på el-anlegga. Av desse var 45 alvorleg brannfarlege feil.

Ansvaret for fordeler seg på feil frå produsent/produktfeil med 13 prosent, bonde 29 prosent og el-installatør med 58 prosent.

Store verdiar

Bakgrunnen for prosjektet var fjorårets rekordhøge utbetalingar etter brannar i landbruket. Totalt var det 315 brannar med skade for over 100.000 kroner. Samla kosta desse brannane 526 millionar kroner.

Brannstatistikken viser at dei to sørlege vestlandsfylka figurerer med høge tal. Rogaland hadde i 2013 utbetalingar på 30,4 millionar kroner etter 21 brannar i driftsbygning, og 18,3 millionar på 20 brannar på bustadhus på gardar.

I Hordaland var det i fjor ni brannar i driftsbygningar og åtte i gardshus, med skadeutbetaling på høvesvis 20,8 og 16 millionar kroner.

I perioden 2006-2012 har meir enn 10.000 dyreliv, hovudsakeleg svin, gått tapt i brannar i det norske landbruket, og det er utbetalt erstatningar for meir enn 2,5 milliardar kroner.

Svak kompetanse

LBK har trekt følgjande konklusjon etter det omfattande prosjektet:

Gardbrukar har eit forbetringspotensial på sikker bruk og eigenkontroll av elektriske anlegg.

Dagens el-kontroll i landbruket avdekker for få alvorlege brannfarlege avvik.

58 prosent påviste alvorleg brannfarlege avvik skuldast el-fagfolk og har samanheng med svak kompetanse innan elektrisitet i husdyrrom, slurv og brot på føresengskrav for landbruksbygg, og manglande risikovurderingar.

Landbrukets brannvernkomité er ei samanslutning av brann- og bygningsstyresmakter, forsikringsbransjen og landbruksorganisasjonar. Komiteen driv analyse, formidling og koordinering av aktivitet innan brannførebyggande arbeid i landbruket.