Etter ein lang skuledag var det godt med ein trivselsdans, syntest lærarane ved Sandeid skule og representantane frå dei andre skulane i distriktet. Dei ser fram til å setta liv i trivselsprogrammet.  Foto: Sirianne Vikestad
Etter ein lang skuledag var det godt med ein trivselsdans, syntest lærarane ved Sandeid skule og representantane frå dei andre skulane i distriktet. Dei ser fram til å setta liv i trivselsprogrammet. Foto: Sirianne Vikestad

Klar for trivsel

Lærarane ved fleire skular fekk eit innblikk i programmet for trivsel. Det skal gi større aktivitet og færre konfliktar blant elevane.

I desse dagar kan foreldre som har barn ved skulane i Ølen, Bjoa, Vikebygd, Sandeid, Vats og Vikedal venta seg ein ranselpakke frå sine små. Då vil dei bli informerte om at skulane deira skal bli ein «trivselsskule». Det vil seia at elevane ved skulen nå får mogelegheit til å engasjera seg sjølv i roller som trivselsleiarar i friminutta. Målet er meir aktivitet og mindre konfliktar mellom elevane.

Initiativtakar Nils Erik Eide har kjempa for dette lenge og meiner at det vil skapa gode og aktive miljø på skulane i distriktet. Han har rolla som trivselskoordinator for skulane. Programmet kostar kommunen totalt 72.000 kroner og avtalen varar i tre år.

 Mindre mobbing

Det er elevane sjølve som skal ta eit ansvar for kva som skjer i friminutta, og passe på at alle trivest.
Programmet er allereie i bruk i over tusen skular i heile Norden. Noreg har omkring 900 av desse. Nokre av dei ligg i Tysvær kommune.
Irene Susort, lærar ved Frakkagjerd barneskule og trivselsleiar, anbefalar programmet på det sterkaste. Dei har vore ein trivselsskule sidan 2011 og har gode erfaringar med programmet.

— Elevane er i meir aktivitet og trivselen er mykje større, seier Susort og viser til at det er mindre mobbing blant elevane.

— Kjekke friminutt fører også til kjekke undervisningstimar, føler læraren og slår fast at når  elevane er usikre i friminutta, vil dei vera det i timane også. Dei elevane som er trivselsleiarar ser dei andre og tar dei med på ulike aktivitetar. Dette får opp sjølvtilliten til alle elevane ved skulen, som igjen gir godt grunnlag for god læring, meiner Irene Susort.

Skulane i Skjold og Ølensvåg har allereie innført liknande program som dei er fornøgde med, derfor er ikkje dei med i dette programmet.

 Trivselsleiar

Lærarane ved Sandeid skule fekk eit lite innblikk i kva trivselsleiarane deira skal aktivisera sine medelevar i. Etter eit foredrag om programmet vart det full aktivitet og ein skikkeleg trivselsdans på dei. Dei største skulane får ei oppstartpakke med aktivitetsutstyr verdt 5.000 kroner som skal nyttast i friminutta. Dei mindre skulane får ei liknande pakke verdt 2.500 kroner. Elevane som er trivselsleiarar skal ha ansvaret for dette utstyret

— Det å vera trivselsleiar er ei kjekk oppgåve, og mange har lyst til å verta det, fortel May Linda Haugsdal (42), som er programansvarleg for trivselsprogrammet.

Ho viser til at trivselsleiarane mellom anna får eit kulturkort dei kan nytta i heile Noreg. Det vil gi fordelar ved ulike kulturelle arrangement, som for eksempel gratis inngang til alle tippeligakampar. Elevar som mobbar eller ekskluderer andre får ikkje lov til å bli trivselsleiarar. Målet er å bevisstgjere barna på korleis deira framtreden er, og korleis den blir oppfatta av andre, slik at dei endrar negativ åtferd.

 Leikekurs

Trivselsleiarane skal få trening i det å aktivisera sine medelevar. Denne treninga skal Vikedal skule vera vertar for, når programansvarlege May Linda Haugsdal skal arrangera leikekurs for dei nominerte i mai månad.

— Me har tjuvstarta litt med eit heimemekka trivselsprogram, der nokre elevar allereie er trivselsleiarar, fortel rektor Karl Georg Welde, og viser til at dei hadde høyrt så mykje fint om programmet frå andre skular at dei derfor innførte noko liknande i Vikedal.

— Nå blir det meir profesjonelt organisert, så dette trur eg blir bra, slår rektoren fast.