Kraftig kollisjon med store materielle skade like sør for Ølen. Foto: Arne Frøkedal
Kraftig kollisjon med store materielle skade like sør for Ølen. Foto: Arne Frøkedal

Alvorleg skadd

Éin person er alvorleg skadd, og også to andre er frakta til sjukehus etter ei trafikkulykke sør for Ølen måndag ettermiddag.

Ved Universitetssjukehuset i Stavanger får Grannar tysdag opplyst at tilstanden for ei kvinne i 50-årsalderen er alvorleg, men stabil.

Tre bilar var involvert i ulykka. Ifylgje Haugaland og Sunnhordland politidistrikt skal situasjonen ha oppstått då ein bil bremsa for å svinga av fylkesvegen. Bilen bak måtte legga seg ut til venstre for å unngå kollisjon, men støtte dermed saman med ein møtande bil. Den tredje bilen som var involvert, blei ståande på eit jorde på nedsida av vegen.

Den eine føraren blei sitjande fastklemd i bilen ei stund. Den hardast skadde er frakta med luftambulanse til Universitetssjukehuset i Stavanger, medan to andre personar blei frakta i ambulansebil til sjukehuset i Haugesund. Politiet opplyser at eitt førarkort er beslaglagt etter ulykka.

Ulykka skjedde på ei rett strekning på fylkesveg 514 mellom Ølen og Sandeid, ca ein km sør for Ølen sentrum. Det er 80/km-sone på staden. I tillegg til ambulansepersonell, var også politi og brannvesen på ulykkesstaden.

 Utforkøyring på Kvaløy

Nesten samstundes som ulykka ved Ølen, hamna ein bil i grøfta ved Kvaløy, lengre sør i Vindafjord kommune. Politiet opplyser at éin person er frakta til sjukehus. Det var ingen andre involvert i denne ulykka.

Også her rykte politi, ambulanse og brannvesen ut. Bilen er taua vekk, og det er oppretta sak for å finna ut kva som var årsaka til utforkøyringa.