Kristoffer Haraldseid vil vera ein av nøkkelspelarane for FKH dette året. Det er godt mogeleg at han får den sjansen, ifylgje assistenttrenar Eirik Horneland. Her vatsbuen i sving i kamp mot Ålesund i fjor. Foto: FKH
Kristoffer Haraldseid under ein kamp mot Ålesund i 2014. Arkivfoto: FKH

Ny FKH-profil på gang

Les alt om den lokale A-lagsfotballen i dagens avis.

Av Sirianne Vikestad

Kristoffer Haraldseid (20) har eitt mål denne sesongen. Fast plass i fyrsteellevaren til FKH.

Sist Grannar tok ein prat med fotballtalentet frå Vats, var han nett ferdig med vidaregåande og 19 år gammal. Han spelte på U19-landslaget og var fast innbytar for FK Haugesund. Nå har han tatt steget vidare.

— Det har vore ein fin overgang, seier vatsbuen og snakkar om det å vera fotballspelar på heiltid.

Kristoffer har god fysikk og uthaldsheit, noko som er ein sjeldan kombinasjon

Det går i rett retning for fotballkarrieren. Han har hatt ei enorm utvikling og var med på å leia FKH til ei historisk bronsemedalje i Tippeligaen 2013.

Tripla spelartida

— Eg lever ut draumen, seier han.

FKH-spelaren starta åtte kampar og hadde 16 innhopp under fjorårets sesong i norsk toppdivisjon. Nå nærmar det seg sesongstart for årets Tippeliga, og Haraldseid har fullt fokus på å prestera godt. Han har planen klar; fast plass i ellevarrekka til trenar Jostein Grindhaug. Ungguten frå Vats tripla spelartida si på banen i fjor frå året før. Fotballtalentet blir berre betre og betre, og dette går ikkje umerka hjå FKH-trenarane. Assistenttrenar Eirik Horneland utpeikar vatsbuen som ein av dei det er verdt å følgja med på denne sesongen.
— Han er eit stort talent som har hevda seg nasjonalt ei stund nå, med høg ranking på landslaget, fortel Horneland og slår fast at det ser lovande ut for at 20-åringen blir ein del av fyrsteellevaren.
— Forma hans i vinter har vore bra. Kristoffer har god fysikk og uthaldsheit, noko som er ein sjeldan kombinasjon. I tillegg gjer han gode val med ballen, seier assistenttrenaren og viser til at Haraldseid er involvert i både mål og assist.

Fokuserer

— Det er ei tillitserklæring, smiler 20-åringen.

Han legg vekt på at det er essensielt med mykje spelartid, for å utvikla seg meir. Ein veks på motstand og utfordringar, og FKH-spelaren slår fast at dette vil han få i tippeligaen i år. Draumen om å spela i dei store ligaene, som Bundesliga eller Premier League ligg lengre framme i planen. Den klassiske stigninga i systemet har fungert så langt for Haraldseid. Han har ein veg å gå, og det er opp.
Det blir mykje fotball på den tidligare SK Vats-spelaren, som trenar omkring ti økter i veka. Han har likevel fått tid til å tenka litt på studium.
— Det er greitt å ikkje stå på bar bakke, meiner han og tenker på å ta nokre fag ved sida av fotballen. Fokuset ligg likevel mest på fotball og det å vera profesjonell spelar på heiltid.

Favorittposisjonen

20-åringen er det ein kan kalla ein allroundspelar. For FKH har han blitt nytta på høgre kant. På U21-landslaget har han vore høgreback. Favorittposisjonen er likevel hengande spiss. Det å bli nytta litt overalt ser likevel Haraldseid på som ein fordel.
— Eg er nett som ei potet, seier FKH-spelaren og meiner at hans utvikling har hatt godt av å bli testa ut i ulike posisjonar og roller på banen.

Assistenttrenar Horneland beskriv Haraldseid som ein offensiv spelar, og meiner vatsbuen kjem til å spesialisera seg på dette området med tida. FKH prøver heile tida å fornya seg, og i år satsar dei veldig framover på banen. Haraldseid vil då vera eit av dei naturlege vala til FKH denne sesongen. Startskotet går kommande laurdag, når kanarifuglane frå Lillestrøm gjestar Haugesund stadion.
— Det er høge forventningar til laget i år, stadfestar Haraldseid, som trur det kjem nok til å butta i mot i periodar, men at laget skal komma seg opp i tabellen.

— Eg har tru på laget, slår vatsbuen fast og meinar at både publikum og spelarar har noko å sjå fram til.

Lokalfotballen

Medan toppfotballen startar til helga, går det ei veke til før dei lokale A-laga skal i sving. Me har besøkt nyopprykte Etne som skal prøva seg i 4. divisjon i denne sesongen, og har snakka med trenarane til dei andre lokale A-laga før sesongen.

Dette finn du i dagens papir-/evis av Grannar.