Politiet blei alarmert då tre kvinner gjekk seg vill i Etnefjellet laurdag. Dei bad sjølv om hjelp, og Etne Røde Kort blei sett på saka.
Kvinnene blei lokalisert og kl 20.25 kunne Haugaland og Sunnhordland melda om at trioen var funne og blei tatt hand om av redningsmannskapet.
Det var dårleg vêr i området som gjorde at turgåarane kom ut av kurs.