God start for Ølen

Så rullar endeleg fotballen igjen, og først ut lokalt var Ølen IL i 5. divisjon. Laget hadde besøk av Sauda torsdag kveld og det stod 2-0 til heimelaget då dommaren bles av, etter at det stod 1-0 ved pause.

Ølen sine målskårarar var Magne Christansen (30. min.) og Petter Nordskog (52.min.)

«Ekspertane» har tippa Ølen på nedrykksplass, men denne spådomen vil vindafjordingane gjera til skamme. Som Ølen var Sauda i 4. divisjon i fjor, men greidde seg noko betre.

Alt i kveld, fredag er det nytt lokalt oppgjer. 4. divisjonslaget Etne, som også er spådd på jumboplass, får besøk av Skudenes. Dette er eit lag som Etne bør slå om dei hevda seg i divisjonen.

Same kveld opnar Vats 94 Skjoldar mot Haugaland. Kampen går i Vats og heimelaget må finna seg i å vera favoritt.