Våren med sommarlege temperaturar kom tidleg i år. I Vats blei det måndag denne veka målt 20,3 grader, som var den høgaste offisielle målinga på Vestlandet denne dagen.
Til samanlikning så var varmaste junidag (27. ) i fjor 23,0 grader på denne målestasjonen som ligg 20 m.o.h. Snittemperaturen siste 30 døger har vore 6,9 gradar, 4,4 gradar over normalen. Samla nedbør var i perioden var 131,9 mm.
Yr.no varslar regn torsdag, men så kjem godvêret attende. Varmast blir det laurdag og sundag med varsla temperaturar på 18 grader. Onsdag i neste veke snur vêret til regn og kjøligare temperaturar.