Ein lastebil med griseslakt blei liggande med hjula i vêret etter at sjåføren mista kontrollen i ein sving og køyrde av E134 vest for Knapphus like før midtnatt tysdag.
Førarhuset var samantrykt og påført store skade. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at sjåføren blei sendt til sjukehus med ambulanse, men at han ikkje er alvorleg skada.
Lastebilen låg i 8-tida onsdag framleis på staden, og det er uvisst når bilberginga vil bli gjort. Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka til at det store køyretøyet som var på veg austover, hamna utfor vegen.
Siste
Vindafjord lensmannskontor opplyser at vegen blir stengt for bilberging kl 12.00 i kveld. Arbeidet er planlagt å ta fire timar.
For mindre bilar er det mogeleg omkøyringsveg via Tørresdal og Sagi via Nedre Vats, medan større køyretøy må venta.