Grannar inviterer lesarane til å senda inn bilde til ein konkurranse der vinnaren og eit utval andre gode foto blir presentert i Sommarmagasinet 2014 som blir gitt ut i slutten av månaden.
I fjor utfordra me lesarane til å senda bilde av den flottaste utsikta i distriktet. Denne gongen jaktar me på eit blinkskot frå heimbygda di, tatt i sommarhalvåret.
Ei rekkje gode bidrag kom inn i fjor, og med så mange flinke fotografar som finst blant lesarane våre, reknar me med å få tilsendt mange flotte bilde også denne gongen.
For å delta i konkurransen må bildet vera tatt ein stad i Vindafjord kommune eller i Etne kommune. Vinnarbildet blir premiert med ein mini iPad. Juryen vil legga vekt på både kvalitet, fargar og lys, samt komposisjon i bildet.
Slik gjer du det
Send epost til foto@grannar.no, og merk bildet med «fotokonkurranse». Ha med ein tekst som fortel kor bildet er frå, kva det syner og eventuelle namn på personar på bilde (frå venstre), og sjølvsagt kven som har tatt bildet.
Siste frist for å senda inn bilde er 20. mai.