Avstanden mellom staten og bøndene var for stor, og rundt middagsider tysdag var det klart at bondeorganisasjonane braut forhandlingane i årets jordbruksoppgjer.
Bondelagsleder Nils T. Bjørk seier til NRK at regjeringa ikkje har vist forhandlingsvilje.
— Avstanden mellom partane er svært stor. Det gjeld både ramma og fordelinga. Eg er lei meg for at det ikkje var mogeleg å koma til ei løysing, men me kunne ikkje gå med på premissane som staten la opp, seier Bjørke til statskanalen.
Ampert
At stemninga mellom landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) og dei to bondeorganisasjonane langt frå er den beste, kom også fram på pressekonferansen i dag.
Listhaug kritiserte bondelaget sin leiar for å ha kome med grov feilinformasjon i media dei siste vekene, og hevdar bondeorganisasjonen undergrev næringa og svartmålar situasjonen.
Avstanden mellom partane var stor etter at Staten tilbaud bøndene 150 millionar kroner ekstra neste år, eller 1.350 millionar mindre enn kravet frå bøndene. Etter det NRK kjenner til brukte partane omtrent 20 timer på å gjennomgå saka i helga. Deretter blei det raskt avklart at Listhaug sitt departement hadde lite og tilby.
Nå er det Stortinget som skal ferdigbehandla oppgjeret, og fram til dette vil det bli omfattande aksjonar over heile landet i regi av bondeorganisasjonane. Det er tradisjon for at Stortinget fylgjer opp Staten sitt tilbod.