Leirvik har hatt ei sterk opning i fotballens 5. divisjon. På Vats stadion møtte dei eit sterkt heimelag som har ambisjonar om å ta mange poeng. 2-0 stod det i målprotokollen då dommar André Birkeland frå Djerv1919 bles for full tid.
Heimelaget sine målskårarar var Morten Frøland og Joachim Aasbø Frøland
— Årsbeste av oss, i ein kamp der sigeren burde vore mykje større, seier ein svært tilfreds trenar, Dag Inge Nordtveit.
I det heile gav kampane torsdag kveld full utteljing for dei to lokale laga. Ølen fekk besøk av botnlaget Haugaland, og her blei resultatet heile 7-2 etter at det stod 3-1 ved pause.
Rune Torstenbø noterte seg for tre skåringar, medan dei andre måla blei signerte av Magne Christiansen, Petter Nordskog, Oliver Vestbø og Songklod Kaewwichit.
Ølen ligg nå på andre plass på tabellen med ti poeng, tre poeng bak Karmsund, medan Vats 94/Skjoldar ligg på fjerde plass med ni poeng.