Framdrifta på vegprosjektet E134 Skjoldavik-Solheim er så langt i rute, og fredag small siste salva på Vikanestunellen.
— Heilt som forventa, seier Asbjørn Opedal og kikkar bort på tunellopninga der røyken etter gjennomslagssalva er i ferd med å leggja seg. Den første av to tunellar er opne i begge endar, og prosjektleiaren i Statens Vegvesen er nøgd. Prosjektet er i rute og arbeidet har gått greitt i nesten eitt år.
— Så langt har alt gått etter planen når det gjeld både framdrift og kostnad, seier han og har stor tru på at heile vegprosjektet Skjoldarvik-Solheim skal stå ferdig til juletider 2015, slik planen er.
Mykje arbeid
Prosjektet Opedal leier har ein kostnad på 405 millionar, noko som gjev totalt tre kilometer ferdig veg av europavegstandard.
Me har hatt lite risting. Mindre enn frykta
— Det er snakk om europaveg med midtrekkverk, inklusiv to tunellar og sju bruer, fortel Opedal.
Vikanestunellen har ei lengd på 280 meter. I tillegg skal tunellen forlengjast 90 meter med ein såkalla miljøtunell i betong forbi ein freda kyrkjegard, og heile tunellen skal få betongelement langs veggen og sprøytebetong i tak. Innvendige måler ferdig tunell 12,5 meter og skal utstyrast med midtdelar.
På Eggjatunellen står det 160 meter igjen før gjennomslag.
— Her håpar å vera gjennom i slutten av juni, seier Opedal.
Området mellom dei to tunellane får støttemurar i naturstein. Skjeringar blir sikra på toppen med gjerde, slik at verken folk eller dyr skal falla utfor.
Lite risting
Heile 85 salver måtte til før ein kunne sjå lys i begge endar. Likevel har smella gått av utan dei heilt store ubehag for folk i nærleiken, som får elevar og tilsette ved skulen.
— Me har hatt lite risting. Mindre enn frykta, fortel anleggsleiar Jo Furunes som har jobba seg gjennom eit ujamt fjell med ei blanding av harde og porøse steinmassar. På det grunnaste ligg tunelltaket berre kring ti meter frå grasbanen ved skulen. Sprenginga har likevel ikkje ført til problem for verken dei tilsette eller skuleborna.
— Det har gått heilt fint. Me har kjent litt vibrasjon og litt krutlukt, men har ikkje hatt noko uhell, fortel rektor ved Skjold skule Berit Mortveit Listog. Når prosjektet står ferdig håpar ho på feiring.
— Me er blitt lova ein fest i tunellen før vegen opnar for bilar, seier ho og gleder seg.
Mykje arbeid
65 personar har sitt daglege arbeid på vegprosjektet som starta opp august 2013. Til nå har det gått med 70 tonn sprengstoff i tunellane.
— Me har brukt 1400 kubikk betong og 20 kilometer stålboltar for å stabilisera berget etter kvar sprenging, fortel Opedal og er glad for at prosjektet så langt er fritt frå uhell.
— Det einaste problemet me støyter på er bilistar som køyrer altfor fort forbi stader der vegarbeid pågår, seier han og oppmodar folk til å senka farten når dei møter arbeidarar langs vegen.