Wenche Strand Hauge, Anne Elise Aarekol Kirketeig, Sissel Åsheim og Astri Tjelmeland Tverå er klare for tredje runde «Me bryr oss-dagar»

Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Wenche Strand Hauge, Anne Elise Aarekol Kirketeig, Sissel Åsheim og Astri Tjelmeland Tverå er klare for tredje runde «Me bryr oss-dagar» Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Tar opp digital mobbing

Etter at sosiale media kom på banen har også ein heilt ny type mobbing dukka opp.

Digital mobbing er blitt eit stort problem blant unge og dette set aksjonsgruppa i «Me bryr oss» på agendaen onsdag og torsdag denne veka.

For tredje gong går Wenche Strand Hauge, Sissel Åsheim, Astri Tjelmeland Tverå og Anne Elise Aarekol Kirketeig i bresjen for å arrangera «Me bryr oss-dagane» for sjuande og åttande klasse i Vindafjord.

— I år har me fått Michal Solheim frå Opus Hadsel til å halda eit foredrag som omfattar digital mobbing, personvern, trygg nettbruk og dataspel, seier Strand Hauge.

Dette foredraget skal sjuande- og åttandeklassingane i heile Vindafjord kommune få høyra kommande torsdag i Ølen Kulturhus. På kvelden er alle foreldre inviterte til å komma å høyra han. Strand Hauge legg til at dette gjeld alle foreldre som har interesse for tema, også foreldre i nabokommunane.

— Dette er eit gratistilbod til alle som har vil komma, og det er eit så viktig tema at eg håpar så mange som råd har høve til å ta turen, seier ho.

Bevisstgjering

Til å sy det heile saman er komikar Roar Brekke hyrt inn som konferansier og showman. Han vil vera med både på dagtid og på kveld.

Hovudbodskapen med årets «Me bryr oss-dagar» er at foreldre si deltaking i dei unge sitt internettunivers er viktig og riktig. Solheim kjem mellom anna til å visa film frå dataspel, slik at foreldra sjølv kan sjå kva deira barn og ungdommar spelar.

— Det er viktig at også elevane blir meir bevisst på korleis ein brukar digitale media og me håpar dette kan føra til mindre digital mobbing. Det fine med dette foredraget er at både skuleelevane og foreldra får høyra det same foredraget, slik at dei får høve til å diskutera dette når dei kjem heim etterpå, seier Strand Hauge.

Samarbeid med Public

I år som i fjor vil kvartetten arbeida tett med ungdomsklubben Public, og dei håpar at arrangementet får ungdommen til å bli meir interessert i ungdomsklubben sin. Onsdagskvelden riggar dei opp til grillfest i hagen til ungdomsklubben

— Me handlar inn og spanderer grillmat på alle som kjem den kvelden, og til no er det påmeldt over 50 sjuande- og åttandeklassingar. Det er flott. Me har invitert elevane frå Ølen, Vågen og Bjoa skule denne gong, seier ho.

Sjølve programmet denne kvelden er det Nina Frøyland frå Public som syr saman og målet er at ungdommane skal få sjå på lokala og få lyst til å gå der jamt til hausten.