Eit ektepar i slutten av 60-åra køyrde ut av vegen, E134 ved Knapphus laurdag ettermiddag. Dei vart sendt til sjukehus i Haugesund, med det som politiet karakteriserer som lettare skade.
Trafikkuhellet skjedde like før kl 15.00. Bilen som kom frå vest, kryssa vegbanen der den trefte noko metallskrot som låg i vegbanen. Airbagen blei utløyst, medan bilen køyrde tilbake til høgre side og deretter ut av vegen.
Operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at mogeleg årsak til uhellet kan vera at sjåføren, ei kvinne, fekk eit lettare illebefinnande.