Finaleplassen rauk for både Daniel og Åsmund Holten frå Vikedal under første runde i RallyX på Knutstorp i Sverige i helga. For Daniel starta løpet fint, men enda med påkjørsel.
— Eg hadde ein veldig god start og klarte å komma meg fram, men blei påkøyrd slik at bakakslingen fekk seg ein dunk og blei skeiv. Det gjekk ikkje å køyra vidare, og finaleplassen rauk, fortel Holten i ei pressemelding.
For Åsmund Holten som kjørte sin debut i Supercar Lites enda det med velt. Bilen tverra i ein sving og gjekk rundt. Uhell til tross. Dei to bilførarane ser positivt på vegen framover.
— Eg gler meg til det som skal skje vidare, seier Åsmund Holten og gler seg spesielt til neste løp på Arvika.
Den tidlegare norgesmeisteren i rallycross, Daniel Holten, køyrer i år for det svenske teamet Olsbergs MSE, der han set bak rattet i ein Ford Fiesta ST. Bilen likar han svært godt.
— Det er ein veldig bar bil, og dei beste tidene mine viser at eg er godt med, seier han.