Drilljentene i Vikedal kledd for regn. Arkivfoto frå 17. mai 2012.
Drilljentene i Vikedal kledd for regn. Arkivfoto frå 17. mai 2012.

Ustabilt 17. mai-vêr

Slepp truleg regn år.

Det store spørsmålet mange stiller seg i desse dagar, er korleis vêret blir på nasjonaldagen. Etter regn og relativt kjølig vêr dei to siste åra, er det mange som håpar på ein solglytt og varme på årets 17. mai, på den store dagen som også blir ei viktig markering av 200-årsjubileet for grunnlova.

Per i dag ligg det an til litt betre forhold enn førre år. Yr.no sitt lokale varsel går ut på overskya, opplett, nesten vindstille og tempereturar på rundt 14 gradar. Første del av dagen er det også sjanse for å sjå litt av sola.

Varselet om null mm nedbør, er framleis noko usikkert, så det er lov å håpa på at det snur til det betre. Men faren for at det går andre vegen, er jo også til stades.