Nett_57-11-politibil

Ferietips frå politiet

Ber folk sikra eigedomane.

Haugaland og Sunnhordand politidistrikt minner om at dei kriminelle ikkje tar ferie, og kjem med gode råd til folk reiser vekk på ferie. Sjølv om vinningskriminaliteten i seinare år har minka i omfang, ser politiet likevel tydeleg auke i grove tjuveri, særskilt frå bustad.

— Ferietid er høgtid for denne typen kriminalitet. Auken i grove tjuveri ser ein i samanheng med frammarsj av mobile vinningskriminelle. Sjølv om det er grove tjuveri mot bustadhus som har den største prosentvise auken på statistikken, er tjuveri frå byggjeplassar framleis eit populært mål for vinningsforbrytarar, uttaler politimeister Steinar Langholm i ei pressemelding.

Politiet oppmodar alle bustadeigarar, samt bedriftseigarar om å ta fornuftige grep i sikring av eigedom, i det ein går inn i ferieperiode. Ofte er det berre små grep som skal til for å sikra eigedomen på ein god måte.

Her er politiet sine råd:

• Be naboar om å følgja med på bustaden når ein reise vekk

• Unngå at post og aviser ikkje samlar seg opp i postkassen medan ein er på ferie

• Hugse å låsa dører og lukk vindaugo

• Ta husnøkkelen med deg når du går

• Merk og oppbevar verdigjenstandar på ein trygg stad, inkludert bilnøklar, syklar osv.

• Fjern stegar rundt huset og lås dei inn

• Ver varsam med å skriva på sosiale medium at ein er på ferie

• Sikring av hus/arbeidsplass med alarm i alle etasjar

• Bedrifter bør låsa inn det dei kan av verdifullt utstyr

• Meld frå til politiet dersom du ser noko mistenkjeleg