Kjempa Maersk Intrepid på plass inne i Ølensfjorden. Foto: Øyvind Sætre/Westcon
Kjempa Maersk Intrepid på plass inne i Ølensfjorden. Foto: Øyvind Sætre/Westcon

Giganten har kome

Litt av eit syn.

Verdas største jackup-rigg kom andre pinsedag til Westcon i Ølensvåg

Riggen har segla frå Singapore med tungløftskipet «Hawk». Med sine oppjekkbare plattformbein måler Maersk Intrepid, som er namnet på giganten, 206,8 meter i høgda, og er med dette verdas største jackup-rigg.

— Me ser frem til besøket. Maersk Intrepid blir etter planen liggande 50-60 dagar for å trena besetninga, installera tredjepartsutstyr og testa utstyret om bord, seier Malvin Eide, riggsjef ved Westcon Yards.

I desse dagar er det 20 år sidan Safe Britannia som det første riggprosjektet kom til Westcon. Sidan da har verftet i Vindafjord investert over 600 millionar kroner i utviklinga av anlegget og organisasjonen i Ølensvåg, og har i dag utført meir enn hundre riggoppdrag.