Daniel Holten klarte målet sitt på Lånke i Trøndelag i helga og kunne køyra fram til den første semifinalen i VM rallycross, likevel øydela eit feil dekkval muligheita til å vera med å kjempa om ein plass i finalen.
— Det var små regnbøyer den siste timen framføre semifinalekøyringa, og det var mykje fram og tilbake både med oppsett på bilen og dekkval, og det enda med at eg køyrde fram med regndekk som ikkje nytta då det tørka opp og dei andre køyrde på slicks, seier Daniel Holten.
Han fekk dårlegare og dårlegare feste utover i semifinalen finalen og berre kunne trilla innover til mål. Frå sin startposisjon i bakarste rekke hadde det uansett blitt vanskeleg å koma vidare til finalen, men det fekk han aldri sjansen til å prøva seg på.
— Det hadde likevel vore meir moro og vore med å kjempa og blitt nummer fire enn slik det blei nå, seier 22-åringen.
Han låg på 17. plass etter laurdagens køyring og måtte ha god utteljing i dei to siste omgangane sundag for å greia semifinale. I tredje omgang vann Holten sitt heat og fekk ei 11. tid, mens han i den siste omgangen hadde full klaff, var heilt oppe på ei sjette tid og sikra ein niande plass totalt etter fire omgangar.
Pallplass i EM
For dei av førarane som ikkje køyrer fast i VM blir det også arrangert eit Europameisterskap med teljande runde på Lånke. Her blei Daniel nummer to bak sjølvaste Ken Block.
— Artig å kunna stå på pallen saman med han framføre eit stort publikum, seier den unge fartsfantomen frå Vikedal.
Måndag var 22-åringen på plass i Høljes saman med Olsbergs MSE teamet for å testa framføre VM runden der første helga i juli.
— Men først er det to andre løp, Supercar i RallyX på Strängnäs alt torsdag 26. juni, og helga etter er det Supercar Lites i Finland, før det brakar laus i Høljes helga etter det igjen.
Les meir om Daniel Holten i torsdagens papir/eavis.