Uavgjort på utebane

Etne greidde uavgjort ute mot Hana laurdag i fotballen 4. divisjon. Kampen enda 2-2 etter at det stod 1-1 ved pause.

Etne opna best og gjekk i leiinga ved Harald Haaland etter halvtimen. Hana utlikna før pause, men gjestene gjekk på ny opp i leiinga like etter sidebytte før heimelaget igjen utlika. Kristoffer Grønstad signerte det andre målet for gjestene.

Etne har fått eit tøft møte med 4. divisjonen etter opprykket i fjor. Fem poeng er status etter ni serierundar. Laurdag kjem Voll på besøk, og laget treng ein trepoengar for å avansera frå jumboplassen.

I 6. divisjon held Skånevik fram sin gode sesongstart. Måndag blei det 5-1 mot Vard Haugesund 3. Dette var laget sin fjerde siger. Trass eitt tap, ute mot Kopervik 2 i førre runde, leiar Skånevik serien to poeng føre Kopervik.