Noregs vassdrags- og energidirektorat har dermed sagt nei til den største utbygginga i Døldarheia mellom Vats og Sandeid der i alt 30 turbinar var planlagt i utgangspunktet. Aktørane bak søknaden er Haugland Kraft AS og Fred Olsen Renewables AS.
Lyse Produksjon AS har derimot fått klarsignal for 10 vindturbinar på Bukkanibba mellom Vats og Ølensvåg i Vindafjord.
Landskap og friluftsliv
Dei viktigaste ulempene NVE har vektlagt for avslaget i Døldarheia, er knytte til landskap og friluftsliv. Energidirektoratet meiner også at prosjektet har dårlege økonomiske føresetnader på bakgrunn av kostnader i samband med tilknyting til sentralnettet og annan infrastruktur. Kostnadene med avbøtande tiltak for å redusere risikoen for forureining, er også eit usikkert moment i denne vurderinga.
NVE legg også vekt på at Vindafjord kommune er negativ til tiltaket. Kommunestyret i Vindafjord sa nei til begge vindkraftutbyggingane i høyringsrunden.
Kvar for seg er ikkje ulempene store nok til å avslå søknaden, men dårleg økonomisk utgangspunkt kombinert med miljømessige ulemper, gir ein konklusjon om at prosjektet i Døldarheia ikkje er samfunnsøkonomisk lønsam.
Ti på Bukkanibba
Utbygginga på Bukkanibba meiner NVE derimot er større enn ulempene tiltaket har. Også her er dei viktigaste ulempene på landskap og friluftsliv, men NVE meiner prosjektet har gode økonomiske føresetnader og kan vere konkurransedyktig i den norsk-svenske sertifikatmarknaden.
NVE meiner også tiltaket har akseptable verknader for miljø og samfunn målt opp mot at Noreg skal produsere meir fornybar energi.
I det over 40 sider lange vedtaksdokumentet har NVE ikkje konkret vurdert Vindafjord kommune si tilråding om å seie nei til vindkraftprosjektert på Bukkanibba.
Skal diskutere avslag
Direktør Olav Linga i Haugaland Kraft AS seier det ikkje var direkte uventa at NVE avslo søknaden om vindkraft i Døldarheia.
— Kommunen sa nei og det vart litt usikkert. Eg tar til etterretning at NVE meiner det er eit usikkert økonomisk prosjekt. Det er i dag låge kraftprisar for å byggje vindkraft, og det er ikkje sikkert vi hadde tatt avgjerda om å investere dersom vi hadde fått ja, seier han.
Samstundes understrekar Linga at dei i utgangspunktet hadde tru på å få konsesjon, og at dei ikkje ville gå i gang dersom prosjektet er ulønsamt.
— Eg kan ikkje spekulere i NVE sine vurderingar av økonomien, seier han.
Kraftdirektøren opplyser også at eventuell klage på vedtaket vil bli vurdert etter sommaren, og at det er eit tema dei må diskutere med samarbeidspartnar Fred. Olsen Renewables.