Nytt kryss mellom E134 i Ølen sentrum og fylkesveg 514 til Sandeid skal bli meir sikkert. Statens vegvesen vil starte arbeidet alt i september dersom byggjesøknaden går gjennom i Vindafjord kommune.
Stor forskjell
I går opna prosjektleiar Asbjørn Opedal anbodspapira der i alt åtte entreprenørar har levert inn pris. Den billigaste er Bjarne Nordtveit AS med nærmare 4,8 millionar kroner (avrunda), medan dyraste pris har Brødrene Selvik AS med vel 7,8 millionar kroner, ein forskjell på over 62 prosent.
Det nest billigaste anbodet har Ottar Skjold AS med vel 5,2 millionar kroner, også det ein lokal entreprenør i Vindafjord. Dei fem andre tilbydarane er Berthelsen & Garpestad AS, Risa AS, Vassbakk & Stol AS, MTM Anlegg AS og Brødrene Flatebø AS.
Tilboda er utan meirverdiavgift, og i tillegg kjem utgifter til konsulentselskap og interne utgifter i vegvesenet.
Venta billigare
Prosjektleiar Opedal sit igjen med ein konklusjon om at pristilboda er dyrare enn det han håpa på.
— Eg skal ikkje gå i detalj, men vi har fleire lokale entreprenørar, lokale steinbrot og villige mottakarar av massar. Difor trudde eg prisen ville bli litt lågare, seier han.
Delar av eit sandtak må vekk, og det skal byggjast ein 460 kvadratmeter steinmur inn mot massetaket. Som tidlegare omtala skal arbeidet vere ferdig til jul med oppstart i september dersom byggjesøknaden blir godkjent i Vindafjord kommune.
Dersom kontrollrekninga viser at tilboda stemmer, og at entreprenørane har alle sjekkpunkta i orden, går Statens vegvesen etter det billigaste alternativet.