Meir uvêr i vente

Ekstremvêret Lena herja godt på Vestlandet i helga. Det blei gjort store øydeleggingar ei rekkje stader, spesielt langs kysten. Politiet har så langt ikkje meldt om skadar i Vindafjord og Etne.

Ikkje før uvêret med namnet Lena var over, kom restane av den tropiske orkanen Bertha inn over Sør-Noreg. Meteorologisk instittutt har gått ut med OBS-varsel for Rogaland og Hordaland. NVE har gått ut med varsel om flaum.

Frå måndag ettermiddag er det venta mykje nedbør enkelte stader. Det dreier seg om 30 til 50 mm i løpet av tolv timar. I tillegg er det varsla vind opp til sterk kuling og fare for torden. Bertha vil halda det gåande heilt fram til torsdag i varierande styrke.

Send tips eller bilde av uvêret til tips@grannar.no.