Etne starta haustsesongen med eit nytt tap i går på Karmøy, og med 3-0 sikra Skudenes seg tre nye poeng på heimebane. Kampbildet med mange baklengsmål og liten evne til å prestere noko framover på banen, er også situasjonen etter sommarferien for Etne.
Skudenes er plassert midt på tabellen og er det laget etter Etne som har sleppt inn flest mål i avdelinga så langt denne sesongen. Likevel klarte ikkje gjestene å få hol på nullen.
Etter 12 kampar har Etne fem poeng og er i klar nedrykksposisjon sist på tabellen. Likevel er det ikkje heilsvart med tanke på å klare å halde seg i 4. divisjon. Etne og Hana er under streken, men Haugar på tredje sisteplass har ikkje meir enn åtte poeng. Det er heller ikkje så langt opp til Nord som har ni poeng etter like mange kampar som Etne.