Dei lokale laga gjorde reint bord då haustens seriefotball i 5. divisjon blei sparka i gang torsdag. Vats 94 Skjoldar var i Haugesund og møtte botnlaget Haugaland. Heimelaget baud på kamp i første omgang og tok leiinga etter 22 minuttar. Men gjestene frå Vindafjord kvitterte nesten med ein gong.
Då dommaren bles av stod det 1-3 i favør av Vats 94 Skjoldar, alle måla signert Frøland. Morten Frøland sikra utlikning, medan Jan Einar Frøland og Joachim Aasbø Frøland ordna dei to andre måla.
Også Ølen gjorde jobben ute mot Sauda. Her blei resultatet 2-3 og tre poeng til Ølen. Hans Rørtveit, Rune Torstenbø og nysigneringa Odd Bjarne Brekke stod gjestene sine skåringar.
Dermed held dei lokale laga fram som i vårsesongen, og heng godt med i toppen og konkurransen om opprykk til 4. divisjon.
5 DIV MENN AVD 03 2014
Lag | Kampar | Poeng | |
---|---|---|---|
1 | Torvastad | 12 | 32 |
2 | Vats 94 Skjoldar | 12 | 26 |
3 | Ølen | 12 | 24 |
4 | Karmsund | 12 | 23 |
5 | Stegaberg | 12 | 19 |
6 | Ferkingstad | 12 | 19 |
7 | Leirvik | 12 | 16 |
8 | Falkeid | 12 | 14 |
9 | Sauda | 12 | 13 |
10 | Sveio | 12 | 10 |
11 | Vedavåg Karmøy 2 | 12 | 7 |
12 | Haugaland | 12 | 0 |