Mulig lakserømming i Vindafjord

Oppdrettsgiganten Marine Harvest ASA opplyser torsdag ettermiddag at inspeksjonar har avdekka ei flenge på 1×1 meter i ei not på selskapet sitt anlegg på Lindvik i Imsland i Vindafjord kommune. Fiskeridirektoratet er varsla og tiltak for å avgrensa ei eventuell rømming er iverksett. Anlegget er sertifisert.

— Nota inneheldt 90.000 fisk, på om lag 3 kg. Det er funne to fisk utan verifisert opphav i eit overvakingsgarn. Det er elles ikkje observert fisk på utsida av anlegget, melder oppdrettsselskapet.

Marine Harvest opplyser at skaden på nota er utbetra og gjenfiskingsgarn er sett ut i området i samarbeid med nabolokaliteter. Lokale fiskarar er også kontakta.

— Marine Harvest har null rømmingshendingar som mål. Me tar denne hendinga svært alvorleg og vil gjennomgå det som har skjedd med Fiskeridirektoratet og leverandører for å ta lærdom, heiter det i meldinga.

Grannar kjem attende med meir av saka.