For halvanna år sidan stod Hands Olav Tungesvik i bresjen for ein lokal bankaksjon for å få Sparebank Vest til å snu forslaget om redusert opningstid i bygda. Den gong vann bygda fram, og nå lovar den profilerte skåneviksbuen ny kamp.
— Dette finn me oss ikkje i. Ei nedlegging som dette er uhøyrt, og det vil spesielt gå ut over eldre, seier Hans Olav Tungesvik som også er medlem i Statens Seniorråd.
Ni kontor
Det var tysdag at Sparebanken Vest gjorde det kjent at banken med hovudkontor i Bergen, endrar strukturen for å møta framtidas bankbehov:
Tal på kontor på Vestlandet blir redusert frå 53 til 44
Dei ni kontora som er føreslått avvikla er Sletten, Sveio, Sæbøvik, Skånevik, Frekhaug, Rong, Ulvik, Eidfjord og Jondal
Avdelinga i Skånevik er blant tre som alt vedtatt nedlagt. Minibanken vil bestå.
— Ny kvardag
— Heile næringa jobbar nå for å tilpassa verksemda til ein ny bankkvardag. Me må erkjenne at me ikkje står føre eit digitalt paradigmeskifte – me står faktisk midt oppe i det, uttaler konserndirektør for personkundemarknaden, Hallgeir Isdahl, i Sparebanken Vest, i ei pressemelding.
Han viser til at tempoet i alle dei endringane som skjer, er akselererande, og banken er i ei brytningstid kor kundane brukar banken på ein ny måte og etterspør nye tenester.
— Vårt kontornett på Vestlandet vil framleis ha ein sterk posisjon i framtida, kor kundemøte og rådgjevingstenester vil stå sentralt, men det må tilpassast nye behov, held Isdahl fram.
Han legg til at forutan nedlegging av ni kontor, vil også banken redusera med inntil 55 årsverk for å sikra best mulig utnytting av den kompetansen framtidig bankdrift og kundane si endra bruk av banken vil krevja. Han kan ikkje utelukka oppseiingar.
Ukjent dato
Endelig dato for nedlegging av kontora vil bli avgjort i nær framtid.
— Inntil endelig dato for nedlegging er fastsett, vil kontora vera opne som vanleg, og alle som ønskjer å læra meir om våre selvbetente tenester er hjarteleg velkommen inn for å få opplæring i disse, seier Isdahl.
Følgjande seks kontor krev vedtak av Representantskapet i Sparebanken Vest for å leggast ned: Sveio, Frekhaug, Rong, Ulvik, Eidfjord og Jondal.
Sparebank Vest sitt kontor i Etne er ikkje berørt av strukturendringa.
Les meir om saka i torsdagens papir-/eavis.