Uvêret med flaum og ras får trafikantane til å finne nye reiseruter. Dette resulterte onsdag i ei uvanleg lang kø på ferja i Skånevik av bilar som skulle til Kvinnherad.
Folk i bygda fortel at det er år og dag sidan det har vore så langt rekkje av bilar som venta på plass til ferja. Køen stod langt inn i sentrumsgata, som bildet viser.
Mest sannsynleg er det stengt Rv 13 i Hardanger som er årsaka til at mange trafikantar kjørte om Skånevik.