Ølen vann igjen

I fotballens 5. divisjon hadde Ølen besøk av Stegaberg torsdag kveld. Kampen enda 4-2 etter at det stod 2-0 ved pause.

Hans Rørtveit (12. min.) og Oliver Vestbø (45) sytte for at heimelaget var komfortabel med målprotokollen. I andre omgang reduserte gjestene frå Tysvær og gjekk like etter opp til 2-2.

Men Ølen kom sterkt mot slutten og med kvar si skåring av Martin Rørtveit Vestbø (85) og Rune Torsteinbø (90) blei alle tre poenga sikra.

Stegaberg har lukta på opprykk, men er med dette tapet hekta av. Med denne sigeren gjekk Ølen forbi og klatra til tredjeplass på tabellen, fire poeng bak Vats 94 Skjoldar på ein førebels opprykksplass.