Langrennssjefen spår ein god sesong for Chris Jespersen. Åge Skinstad meiner alle organisasjonar har mykje å læra av skilandslaget sin suksess.
Prestasjonskultur stod på programmet då Åge Skinstad tysdag gjesta Ølen kulturhus. Rundt 80 frammøtte fekk høyra ein klartalande og inspirerande langrennssjef under det opne møtet i regi av Vindafjord IL og Haugesund Sparebank.
Måten me jobbar har mange like trekk med næringslivet
— Me er nøydde til å sjå i glaskula når me førebur oss. Det handlar om å trena på og læra det som kjem i framtida, sa den profilerte idrettsleiaren i sitt éin time lange føredrag.
Som i næringslivet
Åge Skinstad er ein travel mann og ein ettertrakta føredragshaldar. For å få han til Ølen, måtte seansen klemmast inn mellom to oppdrag. Dermed blei strekninga Toten – Geilo – Ølen – Trysil, eller rundt 1.040 km, tilbakelagt i ein fei ved hjelp av bil.
Som sjef for verdas beste skilandslag, er fokus nå på 20. november og sesongstart. Han brukar dei norske skiessa og deira suksess som døme når han serverer vinnaroppskrift retta mot publikum frå næringsliv og andre organisasjonar.
— Måten me jobbar har mange like trekk med næringslivet. For å bli betre, må det setjast eit mål. For nær framtid må måla vera realistiske. Deretter må det viktigaste prioriterast. Me har fokus på tre og tre ting som må forbetrast, men utøvaren må aldri gløyma å trena på det han er best på, seier Skinstad som også er tilhengjar av å dyrka ulikskapen blant utøvarane.
Om Jespersen
Litt utanom kveldens tema, kommenterer han gjerne det lokale skiesset, Chris Jespersen som fekk sitt store internasjonale gjennombrot i førre sesong. Skinstad legg ikkje skul på at han har store forventningar til skåneviksbuen dei neste månadene.
— Eg håpar Chris kan vera med å kjempa om enkeltsigrar i verdscupen og medalje i ski-VM i Falun.
Han og resten av laget har førebudd seg godt. Nå har dei lagt bak seg to samlingar på Sognefjellet og trena mykje teknikk med å gå på rulleski på stormølle. Chris har utvikla seg teknisk, og viktig nå er å ikkje trena for mykje fram til 20. november og halda seg frisk, seier Skinstad til Grannar.
Langrennssjefen har fylgd med Jespersen i over ti år og er ikkje overraska over dei store prestasjonane i førre sesong som blei toppa med andre plass i Tour de ski og OL-deltaking. Årsaka til det seine gjennombrotet meiner han var behov for mykje og god trening over tid, samt fleire opphald på grunn av sjukdom.
I endring
Med bilde og døme frå landslaget sine store og mange prestasjonar, blir publikummet lydhøyrt når Åge Skinstad snakkar. Han brukar enkle omgrep og poengtert pedagogikk, og er også ein meister til å bruka underhaldning for å få fram bodskapen.
Smurningsfiaskoen innleiingsvis i Sotsji var også tema. Han forklarte det med eit overraskande og ukjent klimafenomen.
— Ein må tørra for å kunna vinna, og det hender du må akseptera tap. Me lærer av feil, og det er liten sjanse for at det som skjedde under OL, vil skje igjen.
Også individualisten og behov for alternative skilag kom han inn på. Skinstad ser ein fordel i at enkelte vil gå eigne vegar for å bli best, og han meiner Jespersen aldri hadde hamna på landslaget utan at det var private team. Og han ynskjer begeistring og humør i laget.
— For å bli best må utøvaren vera i kontinuerleg endring. Me må akseptera forskjellsbehandling og kunna tilpassa den enkelte. Men dersom dei beste vel å stå utanfor landslaget, har me eit problem. Som i næringslivet blir du betre av å jobba saman med andre som er gode, sa Åge Skinstad med klar adresse til Petter Northug.